onsdag 8. juli 2015

Legosortering

I dag er vi i Legoland! Dette bestemte mannen og storebror i fjor sommar - og du må tru det er ein etterlenga park! Storebror er blodfan av lego! Han har ønska seg lego til alle bursdagar og alle juler sidan han var tre år og oppdaga at duplo ikkje var det einste som var av byggeleikar!
Når vi har fortalt om ferieplanane våre til venner og familie har reaksjonen vore "Ja, DET vil storebror elske!"
Vi skal ha to dagar i parken. Mannen har vore her før, men eg og ungane er like ferske - og vi gler oss alle saman! Bileta er frå leosortering som storebror tok initiativ til i juni. Han ville sortere alle legoane sine etter farger slik at det var lettare å bygge.
Mannen var med å sorterte ein del, men storebror gjorde ein skikkelig jobb over to heile dagar! Det ser frameleis meir eller mindre slik ut, han har vore flink å rydda opp igjen i rett boks etter at han har bygd. Han har fleire oppbevaringsseksjoner på rommet sitt, og alle er fulle i lego! På Legoland får han lov å kjøpe seg ein ting; vi får sette av ein times tid slik at han kan bestemme seg. Lego er kult altså! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...