fredag 10. juli 2015

Vennebrev

På skulen i vår har de hatt fokus på det å vere ein venn, få venner og ta vare på de. Eit ledd i det arbeidet var å skrive hemmlege vennebrev til kvarandre. De plukka navn opp frå ein boks, også skreiv de fine brev til den som stod på lappen. Storebror fikk den eine kameraten sin, og han på sin side kjente igjen skrifta til storebror da han fikk brevet slik at han viste kven som hadde skrive det! Det er godt gjort, eg synas alle har samme handskrift i 1.klasse!
Dette brevet fikk storebror! Han viste ikkje kven som har skrive det, og det er jo heller ikkje viktig. Men ein i klassen synas at han er fin, har fine klær, er flink å teikne og perle og lage ting - og det er jo så nydelig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...