lørdag 8. august 2015

Danmarkferie

Sjølv har eg ikkje hatt Danmarksferie som barn, men mannen har hatt det heile tre gongar! Det var han og storebror som bestemte årets feriedestinasjon - Danmark og LEGOLAND!
Vi tok den  nye båtane som går mellom Bergen og Hirtshals. Det var finfint å køyre rett på båten, men det er ganske så dyrt - også går det innmari treigt nedover kysten! Båtane er fine, og sengene deilige; men det er lite å gjøre på. Ikkje det at ungane brydde seg om det; de var happy med det som var der. På den andre sida er båtane veldig oversiktlege!
Vel framme i Danmark tidleg på morgonen var det berre å prøve å finne nærmaste bensinstasjon som hadde kaffe før vi suste sørover mot Billund. Det går skremmande fort på vegane nedover, så etter ei stund valgte vi å køyre på vegar med 100 km/t for at eg ikkje skulle sitte med dødsangst heile vegen. Til tross for litt lengre reisetid enn vi trengte var vi framme på Legoland Holiday Village for tidleg til at vi kunne få nøkkel til hytta vår. Vi var i ekstase heile gjengen sidan vi kunne sjå litt av Legoland, og gleda oss masse til å besøke parken de to neste dagane. Eg lagar eit eige innlegg om parken :)
Det er gøy med anna mat, og denne bamseskinka var stilig! Lillesøster åt seg igjennom to pakkar med denne! På kjøpesenteret Lalandia som låg like ved hadde de ein ok matbutikk, og det var greit å ha det i gåavstand sidan Legoland ligger litt for seg sjølv.
Hytta vi leigde ved Legoland var stor og fin, og det var greit å kunne lage sin eigen mat. Raude pølser er eit must; vi serverte det i tomatsuppe den eine dagen. Varm mat var på sin plass, for det var iskald vind de dagane vi var i Billund, og vi fraus ganske masse.
Etter fire netter i hytta pakka vi ut og køyrte sørover til Haderselv der vi hadde leigd sommarhus i ei veke like ved Flovt Strand. Dette var langt frå all storby- og legolandmentalitet - midt blant store jorder! Heilt herleg! Sommarhuset var nydleg - eit eige innlegg om det kjem også :) Her fikk vi tatt oss nokre joggeturar på flatt underlag både eg og mannen; heilt nydleg å jogge langs utsikt som på biletet over! Jorder, strand og hav! Og ingen bakkar!
Etter ei nydleg veke på sommarhuset køyrte vi nordover mot Aalborg. Her køyrte vi innom det vi (og mange andre) trur er Danmark sitt høgaste punkt, Himmelbjerget. I følge internett er det Møllehøy med sine 170,6 moh. Himmelbjerget er kun 147 moh. Det var uansett verdt ein stopp i finværet!
Vi gjekk opp i tårnet som stod ferdig i 1891 og fikk flott utsikt! Vi vart her ved Himmelbjerget ei stund - det var fint laga til med plener, leikeplassar og kiosker. Og masse folk som slappa av over alt; supert!
Vi hadde to netter i Aalborg. Da vi skulle køyre oppover til Hirtshals igjen tok vi turen bortom vestkysten for å sjå på stranda der. Her var det Baywatchstyle! Vi køyrte nedpå stranda; det var skikkelig gøy! Kald vind, men etterkvart kledde ungane av seg og bada i bølgene!

Det var kjekt å sjå vestsida som har heilt anna type strand enn austkysten der vi var. Vi køyrte på båten på kvelden, så det var rett i seng. Da vi vokna neste morgon var vi alt komt forbi Stavanger - så heimturen verka mykje kortare! Vi flotta oss med frukostbuffet på båten; den var heilt super med stort utval av masse godt. Nokon hadde gløymt å dekke til brusautomaten, så storebror fikk hente seg eit glass brus til dessert - noko han kjem til å hugse lenge!
Vi var heldige å få plass framme på båten, så her satt vi i timane fram til vi var heime i Bergen. Eg og mannen las medan ungane leika med andre barn, såg film på leikerommet eller spelte på nettbrett/nintendo. Vi hadde lave skuldre og kvilepuls da vi kom fram til Bergen etter 15 dagar vekke. I Bergen regna det, men det gjorde eigentlig ingenting når vi kom heim med bil full av klær som måtte vaskast og ting som måtte på plass. Vi sitter igjen med mange gode minner frå Danmark, som til tross for masse vind faktisk gav oss masser av sol og bikiniskille :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...