søndag 13. september 2015

Jeg vinket ikke, jeg druknet

Denne fant eg på hytta til mamma og pappa, og stjal den like godt med meg heim. No som eg har lest den kan eg sikkert gje den vekk, mamma sa at det var ei forferdelig bok!
Men eg likte den eigentlig. Den hadde ein fin innramming, og den foregjekk i Bergen på stader eg kjenner godt; og det gjør det jo om ikkje anna veldig lett å visualisere det som skjer. Den var litt mørk, men det opplever eg at nesten alle bøkene av Anne B.Ragde er. Innimellom var den veldig morsom, mørk morsom om det går ann! Hint av krim som eg likte, hmm, lurer på om eg bør begynne å lese litt meir krim.
Også var den finfin å lese i ettermiddagssola på verandaen. Men joggebukse, hotelltøfler og eit glass saft. Det har vore så fint med bra vær i august. eg har lest masse i sola de siste vekene! I dag er det litt mindre fint og vi vurderer å ta med ungane på den nye Karsten og Petra-filmen. Fin søndag folkens!

2 kommentarer:

  1. Var den bra da? Hørtes litt ut som et dystert tema..
    Jeg skulle ønske jeg hadde tid til å lese mer, jeg har alt for mange andre hobbyer som tar tid, hehe

    SvarSlett
  2. Dyster - ja :) Ikkje noko feelgood, men god likevel! Lesing er vel enklast om sommaren, i alle fall synas eg det - samtidig med at ein berre sitter der og glaner :) Hobbyar er uansett viktig og bra!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...