lørdag 3. oktober 2015

Med livet foran seg

"Med livet foran seg" er nok ei bok eg har tatt med meg frå ein tilbodskorg ein stad fordi den akkurat der, mellom unger og "eg skulle eigentlig gjøre noko ann" appellerte til meg.
Boka foregår i Paris, og omhandlar ein gut som bur ho ei kvinne som tar imot barn av prostituerte. Den skildrar nokre år, eller kanskje berre månader, av livet i øverste etasje i ein bygård. Boka er velkomponert, spanande, uendelig trist, filosofisk og morsom. Slutten kjem som ei knyttneve i magen. Eg var trist i fleire timar etterpå. Den minna meg ganske masse om "Huset du elsket" som eg las i 2013. Slutten var nesten identisk. Bra bok!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...