mandag 12. oktober 2015

Søndagstur

I går gjekk vi søndagstur i meir roleg tempo samanlikna med trefjellsturen vi hadde sist søndag. Saman med ein anna familie gjekk vi på den nye turvegen som er laga mellom Foldnes kyrkje i Fjell kommune, og Hjelteryggen.

Det er så flotte haustfargar no! Heilt fantastisk! Det var opplett og ti grader - perfekt for når ein beveger seg, men vi kjente at det vart kaldt når vi stoppa, så no er det snart på tide å gjenninnføre bålbrenning på turane våre!
Langs vegen hadde de satt opp kjempestore benkar og bord i stein. Når lillesøster står oppå ser det nesten ikkje så stort ut, men det var enormt! Hadde vi satt oss på benken hadde vi ikkje nådd fram til bordet, så heilt praktisk er det ikkje. Men stilig!
De vi gjekk med hadde prøvd ut Geocaching, og viste om nokon punkt langs vegen. Geocaching går ut på å leite etter gøymte "skattar" - boksar - med ulikt innhold ved hjelp av ein app og GPS. Vi har ikkje prøvd det enda, men har veldig lyst å prøve oss! I boksen var det ulike småting - regelen er at ein kan ta ut ein ting, men da må ein også leggje oppi noko anna. Vi hadde ikkje med noko, så vi fekk kun sjå. Men no fikk ungane vite kva det gjekk i, så da er det enklare for oss å prøve det ut også! Og da skal vi vere forbredt med skatt som vi kan leggje oppi!

Vi gjekk heilt til Hjelteryggen før vi snudde og gjekk samme veg tilbake. Målet var Fjell Turlag sin rasteplass. God gøymt inni skogen hadde de laga til bålområde, og masse tau overalt; så her var det veldig gøy å vere! Vi åt lunch og drakk kakao - og ungane leika rundt oss medan vi fikk god tid til å prata. Kjempelurt! Vi er veldig glade i toppturar, men det var veldig gøy å gjøre noko anna denne søndagen!
Tilsaman 5 km tur på ny og flott veg! Da vart ikkje de nye joggeskoene skitne ein gong! Vel heime tok mannen med trampolina, så no er sommarsesongen offisielt over for i år.

Det er måndag, og eg går inn i ein av de mest hektiske periodane på jobb. Eg gler meg til masse, dette er stort sett berre gøy - og vi får til og med nokon turar utav det! Ja takk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...