mandag 2. november 2015

Vegetarmat


Vi køyrer fortsatt 7-vekers meny - og no er det ikkje lenge sidan eg bytta ut 8 matrettar med 8 nye. Det er ikkje alt vi liker like godt, så innimellom (to gongar i året) byttar vi ut noko.
Vi har minst ein vegetarrett i veka, og no med den nye reviderte (haha, men den er jo det) menyen har det komt inn enda fleire vegetarrettar. Fordelane med å spise vegetar er mange, både økonomiske, miljømessige og helsemessig. For meg handlar det mest om at eg eigentlig ikkje liker smaken av kjøtt. Ofte når vi spiser kylling - som er den kjøttypen vi spiser mest - prøver eg å få minst mogleg kjøtt på fatet. Da er det fint å ha noko til middag der eg liker alt.
Vegetar indisk curry-gryte
Kva med de andre da? Jo - vi har framleis kjøtt på menyen. Det er viktig næring i kjøttet som særleg ungane trenger å få i seg. De liker kjøtt, og det gjør mannen også. Men uansett, og for alle, er det bra å spise meir grønt! Mindre animalsk fett! Vi har også det siste året fått inn fleire rettar med reker. Alle liker reker, og sjølv om de ikkje er heilt veggis - er det stor forskjell på pasta med reker og fetaost og spagetti og kjøttdeig! Smaker betre gjør det også! :)
Veggisburger - ein lærdom :)
Det er annleis å jobbe med kikerter og bønner framfor kjøtt, så da eg skulle lage veggisburgere for første gong vart det litt smuldrete kan ein seie! Men jammen smakte det nydleg! Eg sa ikkje til ungane at det var veggisburger, og de åt som vanleg og sa at det smakte kjempegodt! For det gjør det jo!!
No er det mannen som lagar middag i vekene, men når det er eg som lagar synas eg det er så mykje hygglegare å lage noko med masse grønsaker og skikkelige råvarer framfor ein pakke pølse og ein pose med pulver! Vi spiser det også, pølser altså, men alt med måte - og gjerne meir av veggis enn andre ting. Der kan ein jo fråtse om ein ønskjer det!

Etter denne snopehelga vi har hatt er det i alle fall på sin plass med sunn og næringsrik mat i dag! :) Særleg fordi vi skal ha besøk etter middag med Halloweenkakerestar på bordet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...