fredag 1. januar 2016

Julemysteriet

Sidan det er 1.nyttårsdag og vi framleis kan snakke litt om jul - her er ei bok vi har kosa oss masse med i førjulstida!
Jostein Gaarder si bok "Julemysteriet" har eg lest mange ganger som barn og ungdom. Eg lurte på om vi skulle lese den for storebror i år, men eg var usikker på om han var for ung. Eg jobbar med ein bibliotekar, så eg spurte ho om råd. Ho var ganske klar på at denne var han nok for ung til. Men så tok eg den fram likevel. Og det var bra! For denne boka gjekk rett heim hos 7-åringen vår! Vi har lest kvart eit kapittel sakte, vi har tenkt og vi har ledd. Vi har lurt på kven Elisabeth var, og særleg storebror har vore fasinert av sabet-tebas. Det har nesten vore uutholdelig å vente til neste kveld for å finne ut kva som skjer vidare!
Denne boka er han ikkje for liten til. Eg og mannen er heller ikkje for store, for her er det tett mellom godbitane for alle aldere. Bra bok! Hugs på den til neste år, og les den! Igjen og igjen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...