mandag 4. april 2016

Bursdagsfest for 8-åringen

Phhuuu, for eit maraton det er med bursdagsfestavvikling! Men både jubilanten og gjestane var SUPERHAPPY, så da er vi det vi voksne også!
Meir og meir opplever vi den faktiske hjelpa det er å ha litt større barn i hus. Etter ein tur på butikken for å kjøpe det vi trengte til snopeposar på laurdag ordna storebror og asssistentlillesøster biffen medan eg bakte sjokoladekake. Eg måtte hjelpe å opne nokre av posane,ellers vart alt gjort utan at eg måtte gjøre eller seie noko. Det er ein halv time spart for meg - så heilt supert! Knallgod mattetrening er det også!
Storebror tok bilete av de ferdige posane! Stolt av godt utført arbeid!
Natt til søndag kom eg på at storbror skulle (ville) ha med seg noko til klassen på første skuledag etter ferien der han har hatt bursdag. Ved frukosten foreslo han muffins, så da fant vi fram ei oppskrift som inneholdt det vi hadde av ingredienser i hus. Så da vart det baking saman med morgonkaffien.
Medan eg bakte pynta storebror og mannen tårnene som skulle vere på bursdagskaka. Her hadde vi kjøpt rullekake på butikken. Første gong eg lagde ei slik "slott"kake bygde eg eigne tårn ved å lime saman utstikka langpannekake i høgden ved hjelp av glasur. Det er vel unødvendig å seie kor mykje styr og gris det var! SÅ rullekake er nice - det har eg brukt fleire gongar. På toppen er det ein iskjeks som er snudd på hovudet og pressa litt ned i kaka slik at den held seg på plass. Glasuren er melisglasur (stivpiska eggekvite, litt sitron og melis) med blå Wilson konditorfarge.
Oppskrifta vi bruke til skulemuffins var oppskrift på "Pattycakes" som ifølge kokeboka vi brukte er ein av de første cupkaksene som vart laga på New Zealand i 1960-åra. Det var masse mjøl i røra, og de heva kjempemasse! Akkurat det var fint sidan vi ikkje skulle ha noko topping på de. Vi fikk to ekstra som vi smakte på - og det smakte som sukkerbrød. Desse har storebror med seg på skulen i dag!
Lillesøster er klar for fest med fin flette!
Etter lunch pakka vi to store kasser i bilen, to unger, eit brett med porsjonsgele i små glass og ei kake som vi måtte køyre forsiktig med bort til lokalet vi hadde lånt for dagen. Dette er første gongen vi ikkje har barneselskap heime. I lokalet vi hadde lånt var det kjøkken, spiserom, diskotek og eit eige rom med spel og leikar. Heilt perfekt!
8 lys og fyrverkeri!
I alt 17 barn var med på festen, så det var masse lyd og god stemning de to timane selskapet varte! Vi køyrte middag (pizza og pølser), stolleiken (ein eviglang leik med så mange unger!), kake, gele og is med sjokoladesaus og strøssel, pakkeleik også utdeling av snopeposer rett før gjestane vart henta. Takket vere diskoteket og spelrommet hadde alle noko å gjøre og nokon å vere med heile tida! Mange kjekke unger, vi kosa oss skikkelig alle saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...