tirsdag 5. april 2016

Turdag!

Turdag på skule, sfo eller barnehage er alltid ein grunn til å vere ekstra glad om morgonen! "I dag skal vi på tur!" Vi kunne jo alltids ønske oss fleire turar, men har full forståelse for at prioriteringar må bli gjort. No som våren har komt skriver både skule og barnehage at NO kan vi gå litt lengre turar. Om de neste ti dagane kan vi også tenne bål ute!
Utforske livet utendørs!
Da eg leverte lillesøster i dag hang det ein liten sekk på plassen hennes. Oppi den hadde de i går pakka nokre vedkubber og ein pose med serviettar. Lillesøster viste meg at i den eine lomma låg det også ein skikkelig spikkekniv. "Den skal vi spikke med" Gøy!! Digger tøffe barnehageansatte som utstyrer ungane med sekk med tyngde, ei kjensle av å bidra til fellesskapet og ikkje minst ein skikkelig skarp kniv med tilhøyrande sjølvkjensle og ei opplevelse av mestring!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...