onsdag 6. april 2016

Fokus: 10 mil!

Det er vår, og eg har meldt meg på ein facebook-challenge "10 mil i april". Eg gjorde denne i september også, les om det her. No er vi på dag 6 av 31. Eg har gått 10.14 km og jogga 10.93 km sidan 1.april. Eg er i gang. Det er jo eit fokus eg vel å ha heile månaden. I tillegg til vanleg trening (jogginga) må eg leggje inn nokre turar som eg vanlegvis ikkje hadde tatt. Det må jo vere det som er poenget her - ellers blir det jo berre noko eg gjør på lykke og fromme!

I dag regner det. Eg trudde det var meldt bra vær heile veka, så eg sukka litt i bilen på veg til barnehage og sfo i dag "det var dumt at det regna så masse i dag, eg hadde tenkt vi skulle ta oss ein tur ut i ettermiddag."

Storebror: "Javel? Det hadde ikkje eg tenkt."
Eg blir litt overraska, for eg har ikkje fått inntrykk av at han så ofte planleggjer ettermiddagane sine.
"Kva hadde du tenkt da"
Storebror: "Eg hadde tenkt at eg skulle rydde rommet."
Frå tur i februar - deler av turen på heilt klar is!
Ok, den går igjennom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...