fredag 6. mai 2016

Jogge!


I år har eg investert i joggeturane mine. I fjor brukte eg utstyr frå året før, og eg var heller ikkje med på noko løp - så det var ein rimleg sesong. Ikkje fult like rimleg så langt i år. Med ny joggejakke, to nye joggeskopar og ikkje minst O STORE nye ALTFORDYRE trådlaust treningsheadset ser eg ut som ein nybegynner når eg er på tur! Slik er det jo - med altfor mykje nytt utstyr ser eg pur ny ut - første gong på tur liksom. Så eg passar på å kompensere med gamle og utvaska treningsbukser. Og stygg treningsskjorte frå Løvstakken Opp 2013 (som ingen ser likevel sidan eg har NY treningsjakke utpå).
Dette joggar eg forbi på den vanlege ruta mi - også heim i dag!
Trådlaus musikk er himmelsk! Plutselig kan eg bevege hovudet frå side til side utan å vere redd for at eg drar ut pluggen frå høgre øyre medan eg med den plutselig lange ledninga ut frå venstre øyre gjør at pluggen flytter på seg for så å dette ut. Derfor (og kun derfor faktisk) gler eg meg til å jogge heim frå jobb i dag. Mannen køyrte meg på jobb og etter endt dag skal eg jogge mila heim igjen. Det blir langt. Men eg har musikk på øyrene, nesten nye joggesko og helg foran meg - så kor ille kan det vere?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...