fredag 10. juni 2016

Fjordland havregrøt og risgrøt



I perfekt tid til kveldsmat på tysdag fikk vi ein spanande pakke i posten frå Buzzador!

Eg viste at den var på veg så vi hadde utsatt kveldsmåltidet litt slik at vi kunne prøve ut de nye produktene med ein gong!
Inni pakken låg det fire boksar med Fjordland harvregraut og risgraut. Ungane ville umiddelbart smake risgrauten, eller riskremen som vi kalla den. Her var det jordbær, mango og rabarbra-mos til å helle oppi. Også den alltid populære skeia (og by the way vart vaska etter alle kunstens regler og tatt med på rommet).
I følge ungane smakte risgrauten deilig - særleg "det gode" som var fruktmosen i det lille rommet. De vart spesielt godt sleika.
Eg og mannen åt havregraut med blåbær og eple. Det smakte virkelig havregraut - så det var liksom eit skikkelig måltid! Eit som vi kjente at vi vart mette av på ein anna måte enn rislunch. Eg er stor fan av byggrynsris, og det var litt på samme måte. At det kjentes ut som mat. Blåbærsmaken var også veldig god saman med den kalde grauten. Denne kjem eg garantert til å kjøpe igjen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...