lørdag 11. juni 2016

Verdenskart

Da vi pussa opp soverommet satt vi igjen med ein stor vegg utan noko på. Sidan den var så stor var det også vanskelig å finne noko som kunne passe der. Og med ny vegg gjør det vondt å tenke på å spikre noko der- Lage hull? Nei takk.

Da er det fint med wallstickers. Vi har ikkje det nokon annan stad i huset sida de som budde her før likte tapet med utheva mønster. Wallstickers må ha slett overflate og det hadde vi jo på soverommet! Dette verdskartet kjøpte eg på ellos.no. Det var veldig lett å sette opp utan at det kom bølger i det. No er det godt over eit halvt år sidan vi hang det opp, og no er det ei litt anna historie. Soverommet vårt får sol på seg frå kl.04:00 om sommaren. I mai og juni har det vore mange veldig varme dagar og da blir det også veldig varmt på rommet. Om det er det som er grunnen, eller om det berre er vanleg praksis, veit eg ikkje, men merkene har begynt å krølle seg. Vi slettar de ut igjen, men snart kjem det nye bølgar. Særleg over Russland som er så stort. Men også i Canada/USA og Afrika. Vi får følge med, men det kan ikkje bli så mykje verre før vi vel å ta det vekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...