torsdag 30. juni 2016

Spanande dag!

I dag er det 6 veker og 2 dagar sidan mannen trakka over på fotballtrening og brakk ankelen. Det er 4 veker sidan han var på Haukeland i to dagar og vart vurdert opptil fleire gongar for operasjon. Og det er 3 veker og 6 dagar sidan begge ungane skreiv sine heile og fulle navn på gipsen hans med tilhøyrande initialer. Sidan eg ikkje var heime når dette vart gjort, teikna storebror eit hjarte øverst på gipsen der han skreiv "Mamma" inni. Altså meg da. Det er ut som "Mann" - og vi har ledd masse av det!
"Kvifor har du hjarte med "mann" inni?"
I dag er han tilbake på Haukeland for ny vurdering. Vi håpar han får av gipsen. At bruddet har grodd. Det hadde det nemleg ikkje gjort sist han var der.

Etter at han var på Haukeland sist har vi forandra sommarferieplanane våre. Natur og fjellopplevelser på Helgelandskysten vart for risikofylt når vi reiser kun få dager etter at gipsen (kanskje) går av. Han kan ikkje bære tungt eller få slag mot ankelen på 6 veker etter at gipsen er vekke. Det er ikkje verdt det om han er uheldig i steinrøysa på veg opp mot ein eller anna topp. Ikkje kan han ha sekk med drikke på ryggen heller. Eller hjelpe ein av ungane om de trenger det.

Vi har laga nye planar med litt meir asfalt! Det blir knallbra det også!

Men i dag kryssar vi fingrane for at alt er fint og at gipsen kan komme av!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...