onsdag 10. august 2016

Karlstad

Karlstad er byen vi har vore i ein gong før og sagt at "Den er flott! Der skal vi tilbake!".

Så var vi der i år igjen, men forlot knapt nok campingplassen. Vi hadde vore på tur i to veker og synas det var heilt flott å ha to dager i ro her! Vi hadde leigd oss ei ny hytte med to soverom og eige bad. Capingplassen ligger like ved Väneren, så det var kort veg til strand og bading. Været var skiftande, men ikkje verre enn at vi kunne vere ute så og seie heile tida, og bade (på trass).
Hit kom også mormor og morfar med campingvogna si, så da gjekk dagane ekstra fort! Her er det minigolf det går i. Damene mot mennene mot to barn. Damene vant (woop woop!)! Og det såg ut som om lillesøster har arva "dritgodigoldgenet"! Flotte sommardagar i Sverige også her!

Vin i solnedgang! :)
Bading i Väneren!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...