onsdag 2. november 2016

6 bileter og 6 fine ting

6 fine ting frå i dag

1. Ha tid til å gå formiddagstur i kald og krisp haustluft. Varme i sola og frost i skuggen. Alle seks bileta i innlegget er frå turen i dag.
2. At storebror sa i dag tidleg at han alt gleda seg til neste Halloween. Når forventningane var så store som de var i år er fallhøgda stor. Heldigvis innfridde dagen! (eller kvelden for å vere heilt ærleg)
3. Framdrifta i kjellaren er knallbra! Vi har hatt rørlegger her i tre dagar, elektrikar i to - og no har de begynt å forminske rommet (dvs lage eit bad utav det som til no har vore rett veggar av betong).
4. Det er kinoens dag på laurdag, og vi var megaheldige å fant ledige billetter rett før det vart fullt!
5. I dag blir det litt travelt til middagen, og innerst i frysaren fant eg ein pose med pinnekjøttrestar som eg alt hadde kutta opp. Da snakker vi snadder lapskaus med pinnekjøtt til middag! Raskt å lage og veldig godt!
6. Heilt sidan vi kjøpte vintersko til ungane har det regna, men i dag er det sol - og det var to veldig fornøyde unger som gjekk ut døra i dag tidleg med nye vintersko på føttene!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...