lørdag 12. november 2016

Familiekveld

No som ungane etter kvart er blitt litt større har vi for første gong i haust innført sofakos på laurdagskvelden. Vi ser "Skal vi danse" og spiser kveldsmat i sofaen foran TV. Storebror heiar på Marcus, som han hugsar godt frå da han var i barneTV. Lillesøster er medgangssupporter og heiar på de som får flest poeng.
Biletet er frå sist laurdag da vi bad ungane om å rydde i stua medan vi laga ostesmørbrød på kjøkkenet. Da vi kom inn såg vi at de hadde henta opp ein del av bamsane sine og virkelig lina de opp foran TV. Hahaha; så søte - alle saman!
I kveld er det finale, så vi skal kose oss med noko ekstra godt. Eg har funnet oppskrift på heimelaga jordbærmouse som er både sukkerfri og sunn - og derfor fin å spise rett før leggetid! Også håper vi på at Marcus vinner. Eller han andre mannen som eg ikkje heilt har fått med meg kva er kjent for! Heia, heia!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...