onsdag 23. november 2016

Julegåve til meg sjølv

I nokre veker (det er faktisk kun nokre veker, ikkje nokre år som eg innimellom har følt) har eg hatt ei ufrivillig joggepause. Derfor var eg spent da eg satte av stad etter å ha levert lillesøster på dansetrening denne veka.

Eg hadde ikkje heilt tilbragt vekene på sofaen, eg hadde gått masse og trent yoga, men jogging er litt hardare og intenst. Og no var det mørkt og temperaturane var rundt frysepunktet. Eg kunne fort trakke litt feil og ende opp med å grisetryne i stadenfor å trene. Sjølvsagt er eg ei pyse på glatta, så turen vart ispedd litt gåing i nedoverbakker og bratte svinger. Shit au. 4 km vart det - og det gjekk så fint! Åh, kor eg har sakna det! Beina fell rett inn i gammal vane, og flyten er der med det samme. Fantastisk! Det merkast jo at eg har trena alternativt, men langt ifrå så ille som eg trudde der eg låg langflat på sofaen og lurte på om eg aldri skulle klare å jogge igjen.
Solnedgang på veg heim frå jobb. Seriøst!?
I fjor kjøpte eg ei litt isolert treningsbukse som er eit must når ein joggar i litt låge temperaturar. Så i dag har eg kjøpt julegåve til meg sjølv: enda ei isolert vintertreningsbukse OG joggesko med piggar under. Eg vil jo ikkje tryne på glatta! Den siste der er eg spent på og eg gler meg til første joggetur med piggar under føttene! Eg er sikker på at det er vel anvendte pengar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...