søndag 8. januar 2017

Lyderhorn i snø

Denne veka hadde eg mulighet til å tøffe meg på fjellet i iskalde kuldegrader. Heilt aleine. DA er eg tøff da! Og litt dum.
Brodder hadde kanskje vore lurt?
Eg var godt påkledd og hadde varme sko, men ikkje brodder som eg burde ha hatt. Men det gjekk fint sidan det var så pass mange steinar som stod over snøen, og de var tydleg tørre og trygge å gå på.
På veg mot sola
Nok ein gong (som på Løvstakken sist helg) gjekk eg i skuggen. Sola kom når det var rundt ein høgdemeter igjen. Men shit au; lyset er jo fantastisk (mykje betre enn på bileta!).

Aleine på fjellet
Eg traff ein eldre herremann som var på veg ned da eg gjekk opp. På mi nedstiging traff eg tre andre; så det var ikkje noko folkevandring. Det set eg så pris på - for på byfjellene går ein ofte i kø! I alle fall på de finaste dagane.
Den siste stigninga er tøff - bratt og med heilt fjell der det var vanskelig å finne fotfeste. Men det gjekk heilt fint (litt mindre fint ned igjen, men eg satte meg ned og sklei ned - det fungerte fint!)
HEI! Åh, kor eg har sakna deg!
Vel oppe var det fantastisk å sitte heilt aleine 396 meter over havet og nyte sol og vindstille!
Det var iskaldt! Så kaldt at det gjorde vondt i lungene kvar gong eg pusta inn. Men eg var god og varm inni alle klærne, og eg pausa ikkje lenger enn at eg framleis var varm da eg gjekk (sklei) ned igjen.
Eit sjeldan facebilete fordi eg meiner at eg nesten er usynleg med så masse klær på!
Lyderhorn - du er digg! Vi sjåast snart igjen!

PS. To fjell før 2017 er ei veke gammal - tursesongen er i gang! Vi venter nedgang etterkvart som regnet kjem!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...