søndag 1. januar 2017

Nyttårsforsett!

Tradisjonen tru har vi nyttårsforsetter for i år! Men først skal det bli gjort ei rapportering av nyttårsforsettet i 2016. Da bestemte vi at vi i større grad skulle gå til aktiviteter som er i gåavstand. Det betyr faktisk at vi skulle gå til begge fritidsaktivitetane til ungane. Mannen skulle gå på fotballtrening. Vi skulle gå kvar gong det var eit arrangement på skulen. Les januarrapporten her.
Dette har vore ein absolutt suksess! Fokuset har vore fint å ha, og vi har jobba med det så lenge at det no er ein sjølvsagt sak. Klapp på skulderen for denne, og vi er klare for 2017!

Målet for i år er av mindre karakter. Valget kjem sjølvsagt av mangel på noko vi meiner er viktig, og derfor benytter vi det nye året til å endre på det - slik at vi har eit fokus! I 2017 skal vi gjøre litt meir av ting vi liker å gjøre, men som vi ofte ikkje gidder å gjennomføre fordi det tar for mykje energi. Det er der vi har tenkt at det gir meir energi i den andre enden! Døme er å ta seg ein tur til den nye klatreparken. Vi skal i løpet av 2017 ha minst 20 familieutflukter av denne typen. Fjellturar er sjølvsagt med her!

Etter ein haust i oppussingsmodus har vi hatt ytterst få middagsbesøk; noko vi brukte å ha masse av, men som iløpet av de siste åra har falt meir og meir ut. Det tar tid og det er litt styr, men når vi har venner på besøk har vi det så bra! Det er påfyll og meining - det vil vi ha meir av!

Eg og mannen skal også prioritere ein date eller to iløpet av våren. DNS har eit spanande repertoar, og eg vil sjå nesten alt. Og DET skal eg få til også! Så vere at eg er trøtt når kvelden kjem; eg skal gå på litt fleire teaterforestillingar enn eg har gjort de siste året (særleg i 2016 vart det prioritert vekk igjen og igjen).

Kort fortalt - vi skal gjøre meir ting som knekker opp denne til tider uendelige rekka med kvardagar. Små pauser der vi ikkje oppdrar unger, vasker klær eller hus, rydder eller lager mat. Plusstid. Eg håper vi klarer det!

Godt nyttår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...