torsdag 9. februar 2017

13 dager i verdensrommet

Denne røska eg med meg frå Fretex i eit ønske om å lese noko anna enn nok ein roman. Det er svensken Christer Fuglesang som har skrive den, og han var den første skandinaviske personen i verdensrommet! No som eg har lest boka veit eg jo at det er ekstra stas! Boka er bygd opp rundt dagane han var i rommet, kva han gjorde der, og tanker tilbake til den laaaange vegen han gjekk frå han begynte å utdanne seg til å bli astronaut til den dagen han faktisk satt i ein rakett som tok av.
Innimellom blir den litt teknisk, særleg når han er ute på spaserturer i rommet for å fikse ting, men bortsett frå de delane er den veldig interessant! Hadde det ikkje vore for at eg har feil utdanning hadde eg kasta meg rundt og blitt astronaut eg også! Berre det å vite korleis de sover, spiser, går på do der oppe i romferga - det er så gøy å lese om!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...