lørdag 11. februar 2017

Laurdagsplaner

Vi starta helgekosen alt i går med den nye Disneyfilmen Vaiana på kino saman med venner. I dag er vi ikkje ringere enn at vi suser vidare med kjekke ting på menyen!
Bileta er frå måndag. Mann og son var på speider, så eg og lillesøster tok oss ein tur ut i kveldslyset for å mate ender. Ho har omsider funnet igjen sparkesykkelen som har vore forsvunnet i heile vinter. Kvar var den sa du? Utanfor huset til ei venninne.
Det var ganske så lyst da vi gjekk heimfrå, og vi var enige i at refleksvest - det trengte vi ikkje vi som kun skulle på ein kort tur! Men sola gjekk ganske så fort ned. Og da vi nærma oss fugleplassen møtte vi nokon som sa at fuglane ikkje var sultne, og at de fleste hadde flydd til eit anna vatn litt lenger vekke.
Vi prøvde å mate de 10 endene som var der, men de kunne ikkje brydd seg mindre. Så da gjekk vi vidare og fant 70 (!) ender som var supersultne og kjempeglade (tenkjer eg nok) for at vi kom!
På veg heim igjen var det ganske så mørkt, så vi burde nok hatt refleksvest likevel. Dette må eg prøve å hugse på til neste gong!

Nydleg lys på vegen heim! Vatnet låg heilt stille, og lillesøster synas det var så stas at heile himmelen spegla seg i overflata! "SE! Skyene er både over og under vann!"
Tilbake til i dag! Ungane skal i utebursdag etter lunch, og da skal eg nyte litt eigentid hos frisøren. No har eg latt håret vokse for lenge og eg går berre med det i ein tott. No vil eg ha frisyre ei stund. Etterpå hentar vi ungane og køyrer til Lindås for å besøke familie. Og vips var dagen gått og vi har berre kosa oss heile tida!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...