fredag 3. februar 2017

Nilssen og Shakespeare

I kveld trakker eg inn på DNS for andre gong denne veka. På tysdag var eg og ei venninne i teaterkjellaren og såg Olaug Nilssen sin "Stort og stygt" med fantastiske Alan Øyen som regissør. Eg las dette stykket for fleire år sidan, og hugsa det så godt framleis - det traff skikkelig midt i. Oppsettinga var i stor grad tru mot teksten, og Marianne Nilsen sin tolking av lille Arve er noko av de beste eg har sett. Eg låg voken mykje av natta etter medan hovudet spinna rundt i kulissene. Fantastisk!
Billetter til konsert på barneromma heime :)
I kveld skal eg på generalprøve til "Hamlet" saman med kollegaer. Denne er på store scene, og teatersjefen lover at regissøren er verdt tida. Eg gler meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...