torsdag 9. mars 2017

Dorullariel

Denne dorullariel'len som lillesøster laga på sfo i vinterferien er noko av det søtaste eg har sett som er laga av dorull! Eg lurte jo på kva det som var midt på var fornoko - om det var hender - men eg spurte ikkje, det skulle sikkert vere opplagt kva det var. Vi satte den på pynt på ei hylle i stua, og nokon kveldar etterpå slo det meg; det er jo BH! Fantastisk!
Apropos havfrue. I dag har vi avtale hos politiet for å skaffe oss nye pass. Vi skal til København i påska, og ingen av oss har gyldige pass akkurat no. Det blir fint å kunne krysse dette av lista!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...