søndag 12. mars 2017

Ein vinter utan snø

Det er jo berre mars, så sjølvsagt kan det hende det kjem snø, men denne vinteren har vel vore rekkordmørk og snøfri?

Ein kollega på 68 (!) år (når ein først har fått seg kulturjobb slepper ein den ikkje!), som har vore ute ei vinternatt før, sa i januar at ho ikkje kan hugse ein mørkare vinter enn den vi har hatt no. Ok, så da var det ikkje berre meg! For i det samme det kom litt snø er det som om lyset kjem på også! Sjølv om klokka er 07:43 og sola er langt ifrå å stå opp er det likesom litt lyst likevel:
Biletet er frå første skuledag etter juleferien! Takk alle værguder for at det var SÅ lett å få ungane opp av senga den dagen! For det har jo vore snø. Litt! Eg minnast ei helg vi var å aka i parken.

Og det var det.

Eg har solgt skiene mine i vinter, men har lagt heile "skal kjøpe nye ski som faktisk passar meg"-prosjektet på hylla til neste vinter. Det samme gjelder lillesøster som aldri rakk å få ski i år. Neste år passar nok storebror sine ski til ho, også er det kan som skal ha nye. Godt vi ikkje fikk fingeren ut og ordna dette i oktober!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...