fredag 3. mars 2017

Fridag

I dag har eg fri saman med ungane slik at vi i alle fall har ein vinterferiedag! Ungane har hatt det bra på SFO denne veka med masse matlaging, drama, turar både i nærmiljøet, på museum OG VilVite, og berre masse tid til leik! Lillesøster har spilt sjakk kvar dag - hahaha - eg skulle ønske eg kunne vere der å sjå det!

I dag benytter vi oss av Bergen kino sin "liiittegranne billigare kinobilletter" og skal sjå "Marcus og Martinus"-filmen alt kl.11! Det regner i dag, og vi må utav huset ein tur. Stas med kino midt på dagen uansett!
Biletet er frå da vi var å såg "Vaiana", for ein fantastisk film! Vi har høyrt på musikken kvar dag sidan vi såg den og gler oss til den kjem på DVD så vi kan sjå den ein gong til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...