tirsdag 19. mars 2019

Nok ei runde med barnerom

Vi hadde eii lite løft av barnerommene sist sommar. Lillesøster sitt rom vart malt og ho fikk ei stor seng med skrivebord, oppbevaring og eit lite skap. Senga er virkelig bra, men etter kvart såg vi at den førte til at ho hadde masse venner i senga sidan det ikke var så mykje golvplass. De leika også meir i hallen rett utanfor, noko som er heilt supert at de gjør, men det betyr jo at det ikkje er nok rom på rommet.

Vi kan ikkje utvide rommet utan å utvide huset, så da bestemte vi oss for å rett og slett bytte ut senga igjen. Den var eit finn-kjøp i fjor, og den vart solgt fort når vi la den ut igjen. Vi fant ei enklare seng som vi kunne montere i kortenden av rommet. Vi fant ein liten skrivepult, ein liten kontorstol og ei høg hylle til å ha bak døra på finn. Tilsaman betalte vi 650,- for alt! Finn er supert altså!



Saccosekken er det einaste vi har kjøpt nytt. Også har lillesøster fått nytt rom med meir plass til å leike. "Det er så stor her inne at jeg kan danse! Jeg har fått mitt eget dansegulv" Ikkje sant!? :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...