fredag 20. desember 2019

Førjulstid

Desember er unntaksmånad på lik linje som mai og juni (og juli og august :)). I fjor var vi med på så masse konsertar og førjulsarrangement at vi hadde bestemt at vi i år skulle være meir gnitne på eigen tid. Det har gått så fint som berre det! Vi har ikkje gjort ein einaste ting som vi bruker å gjøre! Det har rett og slett ikkje passa. Men vi har gjort masse anna gøy!
Julekalender KVAR EINASTE DAG! Det er luksus det! Denne hadde vi også i fjor.
Eg har hatt nokon frydefulle timer på arkiv! Eg er ein lykkleg systematiker som arkiverer over ein lav sko, og det er så kjekt å være på arkiv! Vi måtte til og med bruke hanskar - fantastisk!

Spiraljulekjeks! Det er eigentlig kun ein vanleg julekjeksdeig som er delt i tre og farga. Mykje styr og kliss, men så vart de litt kule også da! Ungane synas det er stor stas!
For første året sidan 2010 har vi ikkje levert til Pepperkakebyen! Fristen kom for brått på oss, og sjølv om vi hadde handla inn pepperkakedeig og laga konsept hadde vi ikkje tid til å bygge. Lillesøster og storebror laga derfor pepperkakeballerinaer som lillesøster leverte ut på siste trening saman med ballettgruppa si i desember! Det var stor stas! Pepperkakeforma kjøpte eg på operaen da eg var der i november. Ungane flytta litt rundt på armane slik at det skulle sjå ut som om de bevegde seg.
Toulouse er ein einaste stor fluffeball med tjukk, deilig pels! Pelsen er også flottefri på denne tida av året. Det er fint!

Ein kvardag i desember inviterte vi venner til kveldsmat. Vi gjorde det heilt enkelt, men dekka med juleservice, laga lussekatter, kakao og gløgg. Det er så koselig med huset fullt av folk!
Fredag den 13. og to timer i kø på veg heim frå jobb.
Pepperkake- og kakemennbaking med gode venner. Graut og pakkeleik.
Ein time på skøytebana med smil som går rundt! Dette er så gøy! Eg er sikker på at smilet er direkte kobla til skøytene!
Årets frem slag: julemenn, pepperkaker, sjakkruter, spiralkjeks og skrivefruens kaffebrød.
Ein noko grå og trist desemberdag på veg gjennom julemarkedet.
Nøtteknekkeren i Grieghallen. Dette fantastiske (men dog falske) treet stod i spissen av 2 etg og var berre heilt nydleg!
Adventskalendere på salg! Denne kjøpte eg kun til meg sjølv, og idet vi går inn i julehelga har eg åpna luke ein og to. Denne kan stå ei stund! Også espresso da - i San Francisco-koppen eg kjøpte da eg var der i 2001.
Ny tradisjon er å spasere til Starbucks og kjøpe kaffe på årets siste arbeidsdag. I fjor jobba vi på andre sida av byn og eit av favorittminnene mine frå den førjulstida er da vi gjekk ut av Starbucks Kjøttbasaren og det snødde. Det var iskald og vi var godt kledde da vi gjekk ut med kaffekopp i hendene. Det var som å være med i ein amerikansk julefilm, hahaha! DET er julestemning det! I år handla vi på ein mindre picturesque avdeling og med åtte varmegrader i lufta. Fint det også, men ikkje heilt det samme som i fjor. Ekstra varm Gingerbread latte i koppen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...