onsdag 1. april 2020

Ein heilt uvanleg mars måned

Før vi kunne vite noko om korleis månaden kom til å slutte, var vi på Sjøfartsmuseet ein søndag. Der var vi mange gonger då ungane var små - og eg trur ikkje det var så mykje forandra til no! Men vi hadde god tid til å lese på alt som var der denne gongen!
5.mars begynte rivinga av kjøkkenet og vi flytta bord og mikrobølgeovn inn i stua for å ha eit midlertidig kjøkken der medan det nye kjøkkenet vart bygd. Vasken frå kjøkkenet vart omdisponert til vaskeromvask og der vart all oppvask tatt frå 5.mars og ut månaden.
Eg kledde meg ut som ein talentspeider frå 1930-tals New York ein dag og prøvde meg på live rollespel i 6 timar. Så gøy!
Koronatiltakene kom for fullt og vi bytta ut de vanlege turløypene våre med andre løyper der vi kanskje ikkje kom til å treffe for mange andre. Her gjekk vi Småvannet rundt - med kjeks- og suppepåprimuslunch!


Oooooog - heimekontor og heimeskule frå 13.mars.
Ut på tur så og seie kvar dag. Denne kjekkasen møtte eg og mannen på ein luftetur. Ungane er ute som del av skuledagen, men heimekontor har lite med luftepauser.
Eg varierer sitteplass og avsluttar arbeidsdagane i godstolen med utsikt mot himmel som innimellom er blå og ropar at NO MÅ DU KOMME UT!
Etter at lillesøster fikk ein heil liten kvist plassert godt inni kinnet i slutten av februar, foreslo eg at vi skulle gå på hevntokt og hugge ned treet som plasserte kvisten der. Så no i mars gjekk vi turen til Turnerhytten på nytt med innelagt hugge- og kastepåvatnetaktivitet. Det var godt å få gjort! No kan ikkje treet skade andre som går på tur! Det var mange som gjekk forbi oss da vi hugga, men det var ingen som spurte kvifor vi gjorde det - det var rart!
Det vart så varmt i sola i mars at vi fleire gongar har fått sitte ute og blitt varme og litt raude i kinna! Her er det te frå Savannah i kopp frå New York saman med vemodige tankar om reiser vi ein gong kunne ta. Det er som om reiserestriksjonane har auka verdien av tidlegare reiser.
Vi gjekk på nok ein "upopulær" tur - her på tur til Ørnafjellet med avslutning oppom Lyderhorn og i sikksakk mellom alle menneskene på veg ned.
Eg vart etterkvart litt lei av kjøkkenbod og godstol, og har no ein midlertidig kontorplass på eit gammalt campingbord i stua. Der har eg ekstra skjerm som står oppå tre tjukke bøker. Moglegheitane for ergonomisk tilpassa arbeidsplass er ikkje heilt på topp i heimen, men dette er bra nok i kombinasjon med kjøkkenbord og godstol.
Finfin vær på ein laurdag og vi baksa oss veg gjennom skogen for å sette camp. Vi kokte kaffe og kakao på primus og steikte nokre pannekaker før den iskalde vinden fikk oss til å pakke ned og komme oss heim. Også denne turen var vi stort sett heilt isolerte - vi begynner å få teken på å holde oss unna folk!
21.mars flytta vi inn på kjøkkenet igjen. Men ut månaden venta vi på kjøkkenbenk, platetopp, vask og dør. Likevel var det fint å få (noko av) kjøkkenet tilbake igjen! Tulipanbukett på døra frå sjefen. Hold motet oppe!
Med noko ekstra fritid var det fristande med eit stort puslespel! Dette var det mannen og lillesøster hovedsakleg som jobba med.
Vi sykla ein lang tur med McDonals og McFlurry som mellomstopp. Også var mars over, midt i isolert kvardag med halvferdig kjøkken!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...