onsdag 2. juni 2021

Mai! Allerede?

Månadens første dag var laurdag. Dagen før hadde eg handla på Plantasjen, men lot alt stå inne over natta sidan det var meldt nattefrost. Da vart det sommar etter frukost neste dag med blomster overalt! Sitrusplanten var ei gåve, men den skulle ikkje overrekkast før søndagen, så den fikk pynte opp her heime først. Den likte eg så godt at eg trur eg må kjøpe ein til oss også!


Kvar veke i mai var eg med på utandørs styrketrening - så gøyt! Det er så fint å få være ute!
Flinke frivillige krefter har laga bru over eit myrete området i nærleiken, så eg har fått ei ny yndlingsjoggeløype da skogen plutselig vart mykje meir tilgjengelig for oss! Også er det skikkelig gøy å jogge over her! 
Første veka i mai fekk barn og unge møtast til fritidsaktiviteter inne igjen, så eg hadde ein time i Fyllingsdalen som eg brukte på å gå opp på Damsgårdsfjellet - jogge vidare til Olsokfjellet - også ned igjen. I mild kveldssol var dette heilt fantastisk! Bilete frå Olsokfjellet med Lyderhorn i himmelsynet. Dette vart fast onsdagsaktivitet i heile mai! Ja, takk til bonusturar som dette!

I mai var skulle 40-årsdagen min feirast så ofte som råd var! Matbileter fra utandørs førfest med spesielt utvalgte venner og kollegaer.

Frå jobben fikk eg ein nydleg bukett på døra som stod i vekesvis etterpå!
På sjølvaste bursdagen hadde vi oss ein sjeldan tur til byn for å sjå på folk og bygningar - og spise på restaurant; det var deilig! Dagen vart avslutta med rosevin på Bryggen og ei natt i suite med cremant levert på døra. For eit luksusliv!

17.mai vart feira med morgonkorpstog, spontan tur til venner, utelukkande snopemat og strålande sol!

Fjellet var der framleis og eg kunne sjå at sola var høgare på himmelen for kvar veke!Pollen begynte etterkvart å roe seg ned også. Det hjelper på!

Runde tre av 40-årsfeiring vart gjennomført med nye donuts frå Happy Donuts og deilige timer i sola!
Omsider fikk eg prøvd julegåva mi - ein oppblåsbar kajakk! Det var supergøy! Vi prøvde også SUP - det var jo nesten enda gøyare! 
Onsdagsturane mine fortsatte - her mellom Damsgårdsfjellet og Olsokfjellet med utsikt mot byn. Fløyen til venstre og Ulriken til høgre.
Mai er sommarvær! Siste helga i mai hadde vi badedag med SUP og kajakk. Så gøyt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...