Vinternes vinter, og vi fortsetter livet med skøyter på beina heilt til nokon går igjennom isen like etter at vi var der. Det gjekk bra, men da forsvant lysta litt. Også kom mildværet.
Koret eg starta på jobb hadde sin første øving i februar - og i slutten av månaden er det 60 korsongarar på e-postlista! Så utruleg gøy! Eg overhøyrde "Synging er gøyare enn saksbehandling"; og det stemmer jo!Vi er på arrangement på litteraturbåten, som sjølvsagt hadde papirbåtar i bokhyllene.
Kaldt vær med ingen vind eller nedbør gjør at vi for ei periode gjeninnfører fast heimekontor, og det vart covid-tid med det same. "Eg håpar vi snart kan sjåast på ekte" vart sagt igjen og igjen - nett som i 2020!
Eg trossa dårleg byluft og gjekk på eit fantastisk foredrag om Bergensk teaterhistorie, og derfor såg eg berre scener på denne midlertidige kunstveggen.
Eg inviterte venner til te og strikking; for ei vitamininnsprøyting på ein kald februarfredag!
Eg fikk tid til å lage kort utav trykke- og aktteikningkunsten min som eg laga på kurs under pandemien. Det tok nokre år, men no er dei klare til å bli gitt vekk!
Restegarnprosjekt, chunky hue i ull - som vart tatt i bruk med det samme.
Bursdagsfest i ein av byens flytande badestuer, med utsikt mot Ulriken. 4 grader i vatnet ute og langt varmare inne i badestua. Dette var ein nydleg måndag saman med nydlege folk - vitamin her også!
Prosjektet som eg har jobba med sidan april 2025 tok i februar vegen frå planlegging til dei menneska som skal få nyte godt av jobben som har blitt gjort, og eg kjente på at eit bilete var på sin plass. Eigentlig burde dette ha blitt markert med champagne i lekre glas, men jobben er langt ifrå over - så eit bilete for å markere overgangen for vere nok.
Det snør, og luftkvaliteten kjem seg. Vi feirar med å forlate jobben for å kjøpe kaffe!
Eg lunchar på det som akkurat no er byens største it-plass - og er glad for at staden, folka og maten var verdt all hypen! Det var også lunchdaten min, men det visste eg jo!
Eg arrangerte miniyogaretreat med Hatha, te, yin og noko Yoga Nidra. Dette var nydleg og eg skal absolutt gjøre dette igjen, når eg ikkje er småsjuk slik eg var her.
Siste helga i februar kom med varme solstrålar, god te og ei kunstbok som eg kjøpte i haust ein gong. Deilig vintervær til tross - det var godt med varme og vårkjensle! Velkommen mars!














Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!