mandag 27. august 2012

Heimelaga vaniljesukker

Eg er veldig glad i å sjå på matlagingsprogram. Da eg var student hadde eg innimellom den vanen at eg stodt opp for å sjå Wenche på God Morgen Norge kl.09.10 - berre slik at eg hadde ein grunn til å stå opp før klokka nærma seg 12. Eg har sett MASSE Jamie Oliver også, og hugsa at han laga heimelaga vaniljesukker som skulle vere SÅÅÅÅ ENKELT! Yeah, right - men det såg faktisk veldig enkelt ut.
Likevel er det lang veg frå teori til praksis. Men i fjord fikk eig ei krukke av svigerinna mi med heimelaga vaniljesukker i. Ein kan lage på to måtar; enten skrape ut frøene frå ei vaniljestang og la det bli rørt godt saman med sukker (gjerne med hjelt av ei kjøkkenmaskin) eller ved å ganske enkelt leggje vaniljestang rett i sukkeret og la det stå nokre dagar slik at smaken settjer seg.
Eg har brukt opp vaniljesukkeret som eg fikk, så no har eg laga meg nytt på enklaste måte. Vaniljefrøene brukte eg i Red Velvet Cake og Cupcakes som eg laga i juli. Den tomme vaniljestanga er framleis full av smak og aromaer, så den vart kutta opp i mindre delar og rørt ned i sukker. Dette vart gjort for fleire veker sidan, og no er det blitt deilig vaniljesukker som er så mykje betre å bruke enn boksane (utan ekte vanilje i) som ein kjøper på butikken. Eg lar berre vaniljestanga ligge i heilt til eg har brukt opp alt sukkeret; det gjør det kanskje ikkje sterkare i smaken; men er litt fint å ha i. Jamie Oliver meinte at dette var supre julegåver; og det er det kanskje også? Eg vart i alle fall veldig glad da eg fikk ei slik krukke!:)

Også får ein eit slikt KULT reagensrør som vaniljestanga kjem i. Eg får flash back frå fysikkforsøka på vidaregåande skule av de. Eg veit ikkje kva eg kan bruke de til, men eg klarer ikkje heilt å kaste de heller!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...