Mannen bestemte at vi skulle bake eit stabbur med den baktanken at det da kanskje blir plassert høgt oppå eit fjell i Pepperkakebyen - og da blir lettare å finne igjen når den opnar. Vi leverte huset siste helga i november, og Pepperkakebyenansatte byggjer så ein by av alle byggverkene som har komt inn. Det er ein del kvadratmeter å leite på for å finne igjen akkurat VÅRT hus!:)
Dette er typisk storebror; ein peis inne i stabburet. Den er det ingen som ser, vi har ikkje opne vindaug - men vi veit at den er der:)
Lillesøster var også med på pyntinga. Ho fikk pynte to ferdigpepperkaker som var rester frå laurdagsbesøket.
Her er det ferdige gliset! Med trapp og det heile:D
Vi var sparsommlege med pynten; alt blir jo kasta etterpå.
Stor stas å få pepperkakemedalje og diplom da vi leverte bidraget vårt! To veker etterpå; laurdag 01. desember tok vi turen til byn for å oppleve årets Pepperkakeby. Det var kjempemasse flott! Etter å ha leita ei god stund fann vi VÅRT bidrag!
Bak - ved siden av juletreet ser du det:)
Stabburet var plassert i ein sving, bak NOAH og ei tog med pepperkakemenn som hadde plakaten "Slipp løs dyrene" på eine sida, og Fløybanen på andre sida. Fint, flott og kjempestas!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!