torsdag 6. desember 2012

Barneteater


Med alle gode intensjonar om å ikkje havne i "skomakerens barn"-fella prioriterer eg å la ungane bli kjent med kunstformar som teater, litteratur, billedkunst og musikk. Noko gjør vi heime og noko opplever vi ute i nokon av Bergen sine mange kulturarenaer. På bileta her er vi på skyggeteater i vår nærmaste kyrkje.
Når vi ser tilbake på året kan vi telje rundt 10 teateropplevingar der heile familien har vore med, flest gongar i vår lokale kultursal. Storebror lager vekentleg teaterforestillingar på rommet sitt, eller vi får piano og song til ettermiddagsespressoen, om vi ikkje dansar på stua eller maler/teiknar/tusjar/klistrar eller klipper. Dette er heilt naturleg for oss, men ikkje for alle. Barn gjennskaper det livet de har i leiken sin; så når vi ser at de tar intitiativet til ein ettermiddag med nasa i ei bok tenkjer vi at (det som for mange desverre er eit skummelt og ukjent uttrykk) kultur er ein naturleg del av deira kvardag. Andre dagar er det berre sutring og klaging og krangling - litt avvik må vi rekne med:)
Det er ikkje alltid like lett å sitte i ro, og det er heilt ok.
No på søndag skal vi igjen på familieteater og vi gler oss til julekjensle med fjompenisse og nissefantar. I 2013 ønskjer eg å bli flinkare til å bruke kunstmusea i byn. Eg har meldt ungane inn i Kunstklubben på Bergen Kunstmuseum for å bli inspirert til å hive oss på bussen og ta turen til byn. Gje dei kultur før idretten tar de - er det ikkje slik?
Eg har de siste dagane vore i Stavanger og høyrt på korleis de tenkjer på kultur og plassering av kulturinstitusjonar. Veldig interesssant - og heilt annleis enn i Bergen.

Utanom kultur er juletradisjonar noko eg bruker masse tid på om dagen, med sjukdommar og jobbreiser har vi kun EITT slag i boks, så i kveld må spinninga vike for meierismør, sukker og lime - eg skal lage jasminstenger og limekokosmakroner. I går lagde eg julesnop med nougat, marsipan og mørk sjokolade - å hjelpe meg kor GODT det var! Jul er gøy, så får treninga vike plassen i nokre veker medan eg kosar meg med andre ting:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...