fredag 15. mars 2013

Mamma Mø

Finaste krøllane i håret!
Lillesøster har bevegd seg frå å vere Prikk og Flekk-fan til å bli tilhengar av Mamma Mø. Vi har ein Mamma Mø-film som ungane får sjå ein gong i helga - gjerne etter lunch på laurdag saman med laurdagssnop.
"Vi har fått ei gøyal ku med gøyale små horn. Når hun tror at ingen ser - hallo Mamma Mø - svarer hun i telefon"

Peppa Gris er ein anna favoritt - medan storebror er ihuga Legoblad-lesar, og fan av ei bok eg lånte frå biblioteket om ein gut som går på skulen.

I kveld er det på med penklær - da skal eg og mannen på representasjonsmiddag med jobben hans. Det står fersk torsk på menyen - nam! På laurdag skal vi køyre eit stykke for å feire 2-årsdagen til niesa vår, etterfulgt av ein tur på IKEA. På søndag skal eg jobbe - og alle skal på familieteater. Ei kjekk helg med andre ord:) Håper du også har gode planer!!

2 kommentarer:

  1. Hei. Ja det er Mormors favoritt ku også. Spesielt fordi ho har ein kul venn i Kråka. Den beste hendinga er då Mamma Mø er i klebutikken og høyrer god musikk der.
    Eg skal røyke Ørret i eigen ovn for første gong i helga. Skummelt spennande!! God helg!

    SvarSlett
  2. Mamma Mø i klesbutikken har vi ikkje lest / sett enda. Vi leverte inn bibliotekbøker i går, mellom anna fleire Mamma Mø-bøker, og eg har lovd å gå innom før trening i dag og låne fleire. Skal sjå etter klesbutikkboka da. Røykt ørret - nam! Får vi smake?

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...