fredag 14. juni 2013

Black Cat Te - og sosialisering

På coop snubla eg over denne fantastiske te(boksen). Eg går alltid innom tehyllene om eg har tid for å sjå om de har noko nytt. Dette gjør eg til og med på rema, men der har det ikkje vore mykje forandring de siste åra. Men denne er ny (og ganske så dyr), og med den fine boksen MÅTTE eg berre kjøpe den med meg heim! Strawberry and champagne - kven kan gå forbi det?
Inni er det grøn te, roseknopper, tørka jordbør og tørka vindruer. Teen er lett og frisk - ein fantastisk sommarte! Anbefalast på det sterkaste! Og mår boksen er så fin så får ein jo glede av den når den er tom også :) Men det er mykje te, så den kjem til å vare lenge.

No er det helg og vi har (som vanleg?) mange planar. I morgon skal storebror innkassere 13 kryss på tømt bestikkskuffe frå oppvaskmaskina inn i ein tur på leikeland for alle fire! Medan det foregår skal eg ha meg ein tur på Toys r' us og handle 3-årsgåve til lillesøster før eg skal bli med på leikelandet og leike til eg blir svett (eg håper det er lov!). På søndag skal eg på teater og storebror skal på sin første playdate med ein kamerat frå barnehagen. Vennen hans har telt ned dagane sidan mammaen hans spurte meg om storebror fikk lov å komme - og i dag hadde han tatt med brev og eit fint perla hjerte til storebror. Eg smelter heilt! Dette er ein gut som innimellom er ein utfordring både for de ansatte og de andre barna. Det er ei stund sidan det har vore noko no, og denne veka har han vore masse saman med storebror. Til og med mammaen hans er overraska over kor mykje han snakka om besøket på søndag og kor roleg han har vore denne veka. Som tidlegare lærar (og mamma) synes eg det er kjekt å sjå når unger mestrar det sosiale og blomstrar!

Lillesøster sin avdeling er ganske liten, og der er de 4-5 barn som leikar masse saman. Lillesøster blir levert samtidig som ei jente som er eit år eldre, og de møtast kvar morgon med ein lang klem, dansing og store smil som nesten går heilt rundt. Denne jenta er til og med naboen vår - så det er ekstra kjekt! Om ikkje lenge tenkjer eg at desse to jente kjem til å besøke kvarandre. Lillesøster er i større grad frampå enn storebror, og har alt no sterke vennskapsband.

Det er så godt å sjå at ungane har så mange gode venner i barnehagen! Det går i bølger kven de leikar mest med, men de har alltid nokon å vere med. Samtidig seier de ansatte at begge to er flinke i å aktivisere seg sjølve, og kan leike aleine også. Det er ein god eigenskap det og!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...