torsdag 13. juni 2013

Eg fann ekstra kvadratmeter!

Etter at mannen flytta ned i kjellaren med skrivebord, data, to skjermer og ein mengde bøker vart det plutselig så mykje betre plass i stua! Vi flytta den kvite kommoden ut i gangen, og tok pianoet inni stua. Samtidig har vi fått ein haug med gulvplass til våre daglege dansefestar.
Legg eit teppe på gulvet - nyt stillheten med eit opptatt barn heilt til barn nummer to kjem og er uenig med noko.
I går var det blåtur med jobben. Det var målekurs med ein lokal kunstnar, båttur med innslag av redningsbåt og dykkermann, verdens råaste quiz, deilig fiskesuppe frå ein lokal resturant, god vin og så mykje latter at eg har gangsperre i magen i dag. Ein suksess! Vi endte opp heime hos ein kollega som bur i eit flott hus med eit kjøkken som tok halve etasjen! Peis på kjøkkenet er ikkje feil - utruleg stilig!
Lillesøster lager picnic for kubamsen til storebror.
Etter fire timers søvn vart eg vekt til kranglande unger i sofaen, regn og kald stue. Men etter ei pause som i går gjekk det FLOTTERS (begge var venner og stua varm iløpet av 5 minutter. Men regnet klarte eg ikkje å manipulere) - men det blir godt å leggje seg igjen i kveld :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...