onsdag 12. juni 2013

Lysdekorasjon - type SUPEREASY

Billige kubbelys frå nille og øyredobber frå salgsboksen på H&M. Lett som berre det (og faktisk ganske gøyt) trykker du øyredobbane inn i lyset. Bakdelane kaster du - med mindre du har lyst på (meir) voks i øyrene.
"Lett som ein plett på ein flett" som vi seier det hos oss.

I går solgte vi eit stykk ferieutstyr til den nette sum av kr.5.000,-. Eg synes alltid vi selgjer til de hygglegste menneskene når vi har ting ute til salgs på finn.no. Og det er jo kjekt - vi er jo glade i tingene våre. Det er derfor vi selgjer de framfor å kaste de. Etter handelen gjekk eg ein kveldstur på Lyderhorn etterfulgt av vekeshandling på matbutikken. Heime hadde mannen jobba hardt med ei stuptrøtt jente som berre ville ha "MAMMAAAAAAA!!". Ho leggjer seg fint på kvelden, men vokner iløpet av natta; og da er ho ofte voken i minst to timar. Leikar litt, leser, henter nye sokker i skapet, går på do, henter nettbrettet - og alt dette medan vi sover. Vi blir ofte vekt av at ho drar ned på do, eller slår tåa si og griner litt. Ein liten nattevandrer altså.

I dag er eg på sommartfest/ blåtur med jobben - spanande og garantert veldig kjekt!

Ha ein flott onsdag!

1 kommentar:

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...