onsdag 5. juni 2013

Musikalsk stue og kulturell by

Etter at vi flytta pianoet frå gangen og inn i stua har det blitt brukt mykje meir! I tillegg til å spele på det brukar vi det til å spele av klassisk musikk - eller "ekte ballettmusikk" som ungane kaller det:) Pianoet kjøpte eg i 2008 av penger eg fikk som forskudd på arv frå besta.

Utover musikk i heimen var eg på heile to teaterførestillingar i går - i tillegg til to festspelførestillingar de siste vekene. Det begynte med operaen Marco Polo i Greighallen - ei fantastisk oppleving eg gjerne skulle sett både 2 og 6 gongar til! Seinare såg eg "Kunst" på Ole Bull scene med enormt dyktige skodespelarar og eit interessant tema. I går førmiddag var eg først på ei førestilling som er av typen amatør - men det var absolutt ingenting amatør over den! Nydlege og talentfulle ungdommer! På kvelden var eg på Den Nasjonale Scene og såg "Måken" av Tsjekhov og vart så inni margen trist at eg ikkje ein gong orka å grine når lyset slo seg av etter endt førstilling. Ei litterær, scenografisk og psykologisk perle. Å holde seg oppdatert på kva som skjer i kulturlivet i Bergen er ein del av jobben min - eg er UTRULEG heldig som får sjå så mykje kvalitet!

1 kommentar:

  1. Så bra å ha piano i stua! Piano er dessverre et instrument man ikke akkurat prioriterer å ha, med mindre hele familien er ihuga pianister. Vi har kontrabass, da:) Og trommesett. Tar plass, det og...

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...