torsdag 6. juni 2013

Home alone

Nok ein gong prøver eg meg på ein avspaseringsdag - og denne gangen gjekk det :) Det betyr (desverre) ikkje at eg skal liggje på ein divan, spise snop og sjå gamle TV-seriar. Eg skal rydde og vaske huset (innkludert badet), vaske, henge opp, brette og leggje på plass klær, ha meg ein spinningtime og vere småsur dame på butikk. Sistnemnte er nesten ein fryd. Eg fikk nokre silikonformer til bursdagen som eg bytta til denne flotte vispen frå RICE i helga. Vispen var så fin at eg måtte vispe saman ei grov vaffelrøre i rein glede. Gleden vart desverre kortvarig. Etter håndvask og tørk oppdaga mannen at de fargerike plastdelane datt utav skaftet. Dette til tross for at eg spesielt spurte den sure mannen i butikken om dette var ein visp som ikkje kom til å miste fotfestet. Det er greit at han på det tidspunktet hadde 180 i puls fordi lillesøster hadde tatt ein fin kopp og kasta litt på den, men eg må da kunne gå utifrå at han viste kva han svarte på.
Kun til dekorasjonsbruk.
Før og innimellom og etter dette skal eg nyte ein kaffe latte (standard når eg er home alone), egotrippmat (type ferdig salat og liten pai frå butikken) og Sex and the City på DVD. Slett ikkje ille :) :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...