fredag 7. juni 2013

Trening og helg

Av og til klarer vi å lage figurer med melkeskummet  i cappuccinoen. Mannen lagar hjerte til meg :) 
Eg hadde booka meg inn på cycling pulse på sats i går til tross for at eg skal vere med på løp i byn i morgon. "Ein lett liten time på sykkelen - det blir godt" Men NEI var det ein eller anna som hadde tenkt - nærmare bestemt instruktøren som også trener marinen på Haakonsvern. Ho ville teste ut ein "pyramideintervalltrening" - den tøffaste timen ho har - og som får gutane på Haakonsvern til å unngå timane hennes. Bånn gass i makspuls opp mot 94% i 1 minutt - 2 minutt - 3 minutt - 4 minutt - 5 minutt - 5-minutt 4 minutt - 3 minutt - 2 minutt og 1 minutt. Vi brukar pulsbelter for å måle kvar vi ligger, og dette blir vist på eit stort lerret framme i salen. Og dette i ein sal som alt holdt 30 varmegrader idet vi kom inn. Den rolege treninga kunne eg sjå langt etter! Ikkje berre var opplegget tøft, men ho køyrte militær disiplin på oss. "Nå er det pause folkens! Dere får gå ned til 78 % av makspuls! Der skal dere få ligge i ett minutt før neste intervall! Ser jeg noen som går under 70% kutter vi pausen og vi går rett på intervallet!" Oslodame, og med MØRK stemme. ALT blir sakt med utropsteikn! Sjølvsagt er det nokon som leggjer av for mykje på hjulet og går under 70%, så vi hadde knapt nok nokon heile "pauser". På eit tidspunkt måtte vi stå til alle hadde 89% - og det tok nesten tre minutter. Da er det tungt når ein alt ligger på 91%, og er på intervall 9!

Knallbra trening! Men kanskje ikkje heilt det eg hadde valgt to dager før eg skal delta på mosjonsløp i Bergens gater. Oh well - slik vart det. Eg har ingen gangsperre i dag, så eg håper det går bra i morgon likevel. Eg skal kun springe 5 km, og håper å komme under 30 minutter. Mannen er på jobb i Oslo frå i dag til i morgon ettermiddag. For første gong skal vi ha barnevakt medan vi gjør forskjellige ting! På søndag skal vi på eit lokalt arrangement og møte Vennebyen - det blir skikkelig stas!

God helg!

2 kommentarer:

  1. Masse lykke til i morgen! X fingrene på at det ikke blir gangsperre!

    SvarSlett
  2. Det gjekk kjempebra - og ingen gangsperre :):)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...