tirsdag 18. juni 2013

Snekker, rørlegger, murar, elektrikar, prosjektleiarar og enorme mengder biler!

I dag kom det arbeidarar inn alle tre dørene våre kl.07.30. Alle med utstyr, mapper, penner, mobiler og store smil. God morgon - la oss begynne!
Storebror fikk ein eigen arbeidsbenk i julegåve av mormor og morfar da han var tre år.
Storebror satt i sofaen og såg TV. Lillesøster ville henge i armane på pappaen som hadde komt heim frå jobb for å vere med på oppstartsmøte med firmaet som skal pusse opp badet vårt. Ho varma snart opp og vimsa mellom alle mennene som om det var det mest naturlege i verden - å ha 6-7 menn gåande rundt.


Eg trur vi fikk svart på det meste av spørsmål, og at alt er tydleg. Eg merka meg at prosjektleiar skreiv ned det eg sa og dobbeltskjekka at det var rett. Han gav ordre vidare til de andre som alt var i full gang med å demontere badet vårt. God kommunikasjon i alle fall. So far so good!

Rørleggaren gjekk ned og stengte av vatnet, elektrikaren slo av straumen, muraren bar inn mengder av plast og papp, og to andre menn reiv skap og dusj. Med så mange arbeidsfolk i hus går ting fort! Utanfor huset såg det heilt sprøtt ut - fem firmabiler stod parkert i oppkjørselen vår.


I går gjekk eg til naboen med ein blomst for å på førehand unnskylde for bråk de neste vekene. Ho er heime i permisjon med ein liten baby og da er det greit å vite kva som skjer på andre sida av tomannsboligen. For å få badet ferdig på kortast mogleg tid vil de jobbe 10-12 timers dager og 6 dager i veka (og ja; alle er norske.)

Medan vi får nytt bad i andre etasje bygger storebror ein båt i første etasje.
Det blir nokre dagar utan do, og det blir fleire veker utan dusj. Vi har alt booka oss inn på dusjebesøk i morgon. Eg dusjer på sats og mannen har dusj på jobb. Tenk at vi om berre nokre veker har eit heilt nytt bad og eit nytt og sikkert rør-i-rør-system i heile huset! Hurra!! Vi er i gang!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...