onsdag 19. juni 2013

Bruk av hørselvern - kidzstyle

Storebror er var på høge lydar, derfor kjøpte vi hørselsvern til han for nokre år tilbake. Lillesøster var nok ikkje like var i utgangspunktet, men no er ho opptatt av at høge lyder gjør vondt i øyrene. Ho fikk sine eigne hørselsvern for nokre månadar sidan. De blir brukt når vi skal lage smoothie.
De blir brukt når vi skal vispe saman noko med elektrisk visp. Ei stund vart de også brukt når vi laga kaffi på Nespresso-maskina vår, men det har gått seg til.
De blir også brukt saman med høg musikk frå yndlings CD'en for tida; Trond-Viggo Torgersen "De du kan + noe nytt & noe rart". (Eg vart nesten ein litt for pågåande fan/mamma da eg var på teater for nokre veker sidan og satt like ved Trond-Viggo og kona hans. "Åh, beklager Trond-Viggo eg berre MÅ avbryte kvelden din for å fortelje deg om kor SØT lillesøster er når ho danser og synger "Tenke sjæl" og kor tøff storebror sine dansemoves er når vi høyrer på "Hjalmar"!")

I går da eg kom heim frå jobb møtte eg to med øyreklokker og auger store som tinntallerkener. I løpet av arbeidsdagen hadde muraren dekt inn heile badet med tjukk plast, tapa igjen dørene og lagt eit nytt lag med teppe + papp + plast på gulvene. Naudsynt forarbeid før han no stod å borra i gammal mur medan svetten rann (stakkars!). Eit tynt lag med støv låg overalt på kjøkkenet som han av sjølvsagte grunner ikkje kunne kle inn. Han jobba heilt til 18.30, og først da kunne vi opne ei lita sprekk i plastveggen i gangen som til da hadde delt huset i to. Heldigvis var det fint vær i går, så vi åt middag på verandaen. Det vart lang veg - ut kjøkkendøra, rundt huset, inn framdøra, opp trappa, gjennom stua og ut på verandaen fleire gonger. Unntakstilstand er gøy. Ungane måtte tisse i hagen (stas!) og når han hadde gått kunne vi bruke do, og skylle ned med vatn frå ei bøtte. Enn så lenge synes vi det er skikkelig spanande! Badet er ribba, og litt fin blomstrete tapet frå 70-talet har dukka opp bak do. Det er heilt utruleg kor raskt de jobba! Flisene ligger og venter (de er så fine!), og 8 sekker golvsement står ved dodøra og er klart til bruk.

Sjølv om det er kjekt å sjå at badet blir nytt gjør det ettermiddagane litt tungvindte. I dag skal vi derfor på middag og dusjing hos tanta til mannen. I morgon er det sommarfest i barnehagen på ettermiddagen, og på fredag reiser eg og ungane vekk på langhelg. Med denne farten er eg sikker på at badet er ferdig på mandag!

neida :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...