søndag 7. juli 2013

2012 i mobilbileter - del 2


Heile kontoret flytter. Det er august og eg rydder i andre sine arbeid. Ha det bra kontoret!
Det er september og eg er på "boklansering" av Kulturårboken 2011 som eg har bidratt til. Bergensk fiskesuppe og eplejuice frå Hardanger. Kulturfiffen i byen er samla (medan andre er der for første gong og tenkjer åhh, så heldig eg er som får vere her!), og eg møter mange inspirerande mennesker!
Eg er på fagdag i byn og spaserer igjennom Nygårdsparken på veg til bussen - ein flott park som eg ellers aldri er i.
Eg er i løpet av hausten to gonger på Lysverket for å oppleve "81 trekuler". Verket er av Ai Weiwei og var ein del av utstillinga "Real Life Stories" der i alt ti av de leiande kunstnarane i Kina for første gong viste installasjoner, skulpturer og måleri i Noreg. Eg gjer meg over i beundring og respekt.

Det er oktober og nydleg seinhaustvær i Bergen. Nye kontorer, og kun få månader til fast stilling.
Eg er på konsert og foredrag i Kommandantboligen i Gravdal. Eit fantastisk bygg med ei lang historie.
Programslepp på Den Nasjonale Scene. 2013 er kvinnerettsåret - og teateret skal markere det i alt de viser.
Puste liker ikkje vinteren og tilbringer timer på varmekablane på badet - helst oppå storebror sine klær som ligger der og venter på neste dag.
Eg er med jobben til Stavanger i desember og får mellom anna sjå "Mozart" i nyopna Stavanger konserthus.
9.desember. Eg er på veg for å bytte julegåver med familien min då eg lenger oppå dette fjellet mister kontrollen over bilen og må kræsje den i fjellveggen. Etter 12 fysioterapibehandlingar er nakke og rygg heilt fin igjen. Men bilen måtte bli bytta ut.
Snømann i hagen vår. Lykke!
Det er 15. desember og eg og mannen er i bryllup. Flotte dekorasjoner på bordene, og ei brud som hadde laga 200 orkideer i fondant som pynta alt av kaker! Det burde eg hatt bilete av, men ved kakebordet er eg meir opptatt av å krafse til meg :)
Nyttårsafta. Vi feirer med film og ei flaske rosa champagne. Ved midtnatt slutter det plutselig å regne i eit kvarter, noko som resulterte i magisk himmel. Takk for minnene 2012! Velkommen 2013!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...