søndag 7. juli 2013

Lillesøster sin treårsfeiring

Sidan lillesøster er ei skikkelig fellesferiejente feira vi treårsdagen hennes her heime i dag.
Kjolen ho fikk lov å bruke heilt til kakene var servert i dag var denne i strr.4/5 år som eg fann for halv pris da lillesøster knapt var fylt eitt år. Det er ein Monsoon-kjole - utruleg flott og dyrare enn det meste eg har i skapet (derfor HURRA for halv pris!). For stor, men ÅH så fin lillesøster var! ÅH kor fantastisk flott ho følte seg!
Hello Kitty-kake vart det :)
"Hemmleg oppskrift" frå cafe'en er jobba på da eg var student. Deilig! Med så mykje meierismør, sukker og og egg at eit stykke inneholder det ein strengt tatt trenger for ein heil dag - men er det fest så er det fest!
Slurp!
Prinsesser og Hello Kitty. Det kan ikkje bli meir tre-år enn det!
"Jukse cakepops"; marsmellows dyppa i kokesjokolade og dryssa med kakepynt. Og sveler - mine første på eigen takke :) Bakerst kan ein skimte cupcakes-stativet med former som var fulle av Goldfish, marsmellows og smarties.
Megatjukke sugerør frå jusk - og kaka - igjen :)
To av søskenbarna kom saman med tanta, farmor, og gradtante. I tillegg kom ei lita venninne frå nabohuset. Etter mykje kake og søtt var alle ein tur på trampolina før vi hadde boblefest på verandaen. Her hadde vi ein liten leik "putt sløyfa på Hello Kitty" (altså "putt hale på grisen") Her trur eg nok de yngste var litt for små, men storebror og søskenbarnet som også snart er fem år tok konseptet.

De to eldste ungane i familien vår - fine!
Slik vart ho sjåandes ut til slutt, den godaste katten! Lillsøster var kjempefornøyd med selskapet sitt, og mest med at bestevennen frå barnehagen hadde vore her. Og vi sitter med beina høgt og skal snart innta kakerester og ein god film. Det har vi fortjent!

1 kommentar:

  1. Den bursdagsfeiringen hadde jenta mi elska da hun var tre! Kjolen også - så skjønn:)
    Er forresten helt enig med deg, kake skal være kake med ekte alt, ikke noe margarinjuks der;D

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...