mandag 8. juli 2013

Familien i media

Heime har mamma eit album med utklipp frå aviser der ein av oss (eller nokon andre i nær omgangskrets) har vore i avisa. Min favoritt er utklippet frå lokalavisa der eg og venninna mi går fremst i 1.mai-toget ein gong på 80-talet eller tidleg 90-tal. Med fakkel i hendene og under fane "Kvinner mot krig"!

Underteikna har vore i media nokre gongar etter at eg flytta heimfrå også; både med kommentarer i kvinneblader, og gjennom jobb. Det er alltid like gøyt (for det er ikkje ofte), så derfor må vi ta vare på det! Også ungane har vore i avisa, og det er jo EKSTRA stas! I fjord var vi faktisk avbilda i 17-maitoget - slike ting er gøy! WE ARE HERE!

Så da vart permen dekorert og våre 10-15 opptredner i aviser og blader sirlig satt inn i plastlommer. Her er det plass til meir - mykje meir :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...