fredag 5. juli 2013

Barnehagefeiring

Granateple, bringebær, bjørnebær og blåbær.
I dag tidleg traff eg Jens Stoltenberg på eit hotellrom. Han vart veldig pratsom, og rett før han skulle vise meg bileter av partimøter frå 1973 (og eg tenkte fy, dette blir kjedelig) ringte vekkerklokka mi. Klokka var 06:50 og eg måtte stå opp for å lage fruktspyd til lillesøster sin avdeling. Dette er siste dagen hennes på avdelinga som ho no har gått på i eitt år. Sidan ho er fødd i juli blir ho rekna som 4-åring (!) frå hausten og blir flytta over til den største avdelinga der det er barn frå 3/4 til skulealder. Dette skjedde også da ho gjekk på småbarnsavdelinga; ho vart flytta opp ein avdeling som nettopp-fylt-to-åring sidan ho var fødd før 1.august. Ho blir altså tatt under samme grafs som de som er 6 mnd eldre; ei stor forskjell når du knapt er tre år gammal. MEN: eg skjønnar at det "må" vere slik sidan barnehagen kun får inn småbarn - og at de må skjerme de yngste ved å vere få på avdelinga. Og lillesøster synes det er heilt flott - og har stortrivast på alle avdelingane! Her hjelper det å ha ein storebror som baner veg; ho har eit forhold til avdelingane før ho bytter. Frå hausten skal vi altså ha begge på samme avdeling, og det er ok!

Uansett - siste dag på avdelinga og bursdagsfeiring! På onsdag laga de krone til ho, og ho fikk velge farge. Ho valgte blå; og da hadde barnehageassistenten (ei FLOTT dame - eigentlig) sagt "Blå? Nei, du vil vel heller ha rosa! Eller lilla!" Herremeg kor UPEDAGOGISK! Heldigvis er lillsøstra like sta som mora, så blå vart det! Krona er fint pynta med klistermerker som ho plukka ut, og masse glitterlim!

Det er ikkje lov å ha med sukkerholdig bursdagsmat i barnehagen. I fjord hadde ho med ingredienser til smoothie. Lillesøster begynte i barnehagen da ho var 18 mnd (storebror var 17 mnd), så dette er andre gongen ho feirar barnehagebursdag. Storebror har hatt med innbakte pølser, smoothie og grove rundstykker som vi pressa ut med pepperkakeformer og pynta med frø og rosiner. Fruktspyd er populært, saman med fruktsalat, pizza og suppe. Det er alltid kjekt når det er eit bursdagsbarn på avdelinga!

På søndag er det også bursdagsfeiring. Da står det litt meir sukker på menyen - Hello Kitty-kake, "juksecakepops" og sveler - saman med frukt og Goldfish. Nam!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...