tirsdag 9. juli 2013

Verdenskart - skrap av

Impulsshopping på nettet er ikkje alltid bra. Eg er ikkje sikker på om det var bra denne gongen heller. Eg kjøpte meg eit par best-i-test- sportssandaler på ei nettside med reiseutstyr. Der snubla eg over dette verdenskartet. Slik såg det ut først:
Dette er altså eit scratch map - der landene har eit lag som skrapelodd - og ein skraper vekk de landene ein har vore i.
Sidan dette skal henge på soverommet vårt (også storebror har eit stort (større) kart på rommet sitt) vart vi enige om at vi begge skulle skrape. Da vi reiste jorda rundt i 2005/2006 var vi innom 10 land saman, i tillegg til at vi var på Grand Canaria i 2003. Utover det har vi reist litt før vi traff kvarandre. Alt skulle få plass.
Oh, yes - the great U S of A. Her var vi både på vest- og austkysten i 05/06. I tillegg har eg budd eit år i Pennsylvania og det året reiste eg rundt på begge kystane. Eg var innom Canada da eg tok ein helgetur til Niagara Falls som ligger på grensa mellom USA og Canada. Eg sov to netter på hotell på den canadiske side, så det er ok. Men her kjentes det rart ut å skrape heile det svære landet for to netter ved ein foss. Mannen sa nei da eg ville skrape Mexico. Eg har vore i Tijuana eit par 3-4 timar. Thats it. Så ok, da skrapa eg ikkje Mexico (men eg HAR vore der!).
Slik vart det sjåande ut til sist. Australia har vi vore i, men kun to netter og kun i Sydney. Men vi har jo framleis vore der. Vi må ha oss ein tur til Moskva slik at vi kan skrape HEILE Russland!
Europa ser ganske så bra ut. Her var det mannen som trakk det lengste strået med flest land. Eg har kun vore i Frankrike, Italia, Storbritania og Tyskland. Vi mangler kun Island, så har vi heile Skandinavia. Også mangler vi ein verdensdel - Afrika. Vi har ein del å sjå fram til!

1 kommentar:

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...