lørdag 10. august 2013

Sommarferie - Bjørneparken i Flå

Ein stad vi har køyrt forbi fleier gongar, men aldri besøkt er Bjørneparken i Flå.
Vi hadde leig ei lita hytte på ein liten campingplass eit stykke etter Flå. Sidan det var så kjekt å vere på besøk hos venner i Oslo på fredagen reiste vi seint frå hovedstaden - og kom dertil seint fram på campingen. Halvanna time etter leggetid er lillesøster skikkelig sur! Vi brukte alt vi hadde av energi på å holde ho voken den siste timen! Da ungane endelg var i seng brukte de ein heil time på å roe seg ned. Bortsett frå denne kvelden hadde de lagt seg som vanleg kvar kveld, så litt tulling tåler vi! Etter at det var stille i hytta kunne eg og mannen nyte blåbær som vi hadde kjøpt i Oslo. Ekte, norske blåbær - ei heil korg for berre 35 kr! Vi hadde dessert i to dager - nam!
Snop!

På laurdag reiste vi tilbake til Flå for å besøke Bjørneparken. Her fikk vi mata enda fleire dyr, det fikk vi verkleg gjort mange gonger denne sommaren! Denne lille geitekillingen var nydelig!
Ein utstoppa bjørn, og lillesøster. Denne dagen var det lett overskya, heldigvis, for det var 30 varmegrader og knapt nok eit vindpust!
Sjå kor fin ein bamse! Vi kom ganske nær på de langs områdene de bevega seg i, og her kom den nye linsa til sin rett. De var veldig sultne og lagde masse lyda og var urolege. Vi fikk sjå at de fikk frukt kl.11, og fisk og kjøtt kl.15.
Det er oppbygd vegar rundt alle områdene. Her såg vi ein bjørn som gjekk aleine på eit område, så eg og lillesøster stoppa og sang "bjørnen sover". Da kom han heilt bort til gjerdet og satte seg ned - så herlig!
Det er fleire andre dyr der også, og de blir mata på ulike tidspunkt. Her står vi ved hjortane og venter på at de skal få frukt. Det er ein forholdsvis lite område, men storebror vart sliten av all trakkinga, så på dette tidspunktet satt han så mykje han kunne. Eg trur nok at varmen slo han ut også, og at nesten tre veker på ferietur snart var nok. "Eg saknar legoen min"
Vafler og kaffe må til for å komme seg over den verste kneika. Det hjalp i fem minutter. Vi var i parken i nesten seks timar - og drakk fleire liter vatn! Storebror var mest slik dei siste timane:
Etter å ha spist middag på Flå reiste vi tilbake på campingen. Der hadde de ein liten leikeplass like ved hytta, og no var energien komt tilbake :) Søndagen vaska vi oss ut og køyrte mot Gol.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...